Heimesiger i KM natt

Postet av Hordaland Orienteringskrets den 10. Apr 2018

Skrevet av undefined

Skrevet av Torgeir Strand

Det blei gull til arrangørklubben då årets KM-sesong i Hordaland opna med KM natt på Stord laurdag kveld.

Bjarthe Westerheim (Stord Orientering) vann H19- foran Slava Mukhidinov (Varegg Fleridrett) og Rune Nygaard (IL Gular), så det var altså veteranane som var på pallen i H19- denne kvelden.

I D15-18 blei det gull til Eirunn Husby Nordstad (Varegg Fleridrett), foran Tora Aasheim Nymark (også Varegg Fleridrett) og Annie Myhre (Stord Orientering).

I H15-18 gjekk gullet også til Stordøya, men ikkje til arrangørklubben. Gullet her gjekk til naboklubben Fitjar IL og Jens Øien Kloster.

Komplette resultat, løyper m.m. finnast her.

Søndag opna HOK-rankingsesongen, også det på Stord, og då gjennom det tradisjonelle Kristtornløpet. Komplette resultat, løyper m.m. finnast her. Rankingpoenga kjem i god tid før neste HOK-rankingløp, som ikkje er før i juni månad. Fram til då ligg desse 17 i tet i sine respektive klasser i årets HOK-ranking:
Frå Fana IL: Oskar Heksem, Brage Bell Lysaker, Marie Roll-Tørnqvist, Birk Bell Lysaker, Anders Tønnessen Rød og Beda Maria Johanson
Frå Varegg Fleridrett: Tonje Rykkje, Mari Strømme Lid, Stian Rykkje og Karianne Strømme
Frå Askøy OL: Jan A. Solli
Frå Bergens TF: Ingjerd Sognnæs
Frå IL Gneist: Marit Nipen
Frå IL Gular: Helen Martinsen
Frå Samnanger IL: Per Arne Aadland
Frå Stord Orientering: Bjarthe Westerheim
Frå TIF Viking: Jørn Torgersen