Kompetansehelg 30.-31.oktober - deltakarstønad frå HOK
Postet av Hordaland Orienteringskrets den 9. Sep 2021
Skrevet av undefined
Skrevet av Torgeir Strand
Helga 30.-31.oktober arrangerar NOF kompetansehelg på Jessheim.
Detaljinfo om alle alternative tilbod under årets kompetansesamling på Jessheim, med lenke til påmelding m.m., finn du her.
Det er mange gode tilbod å velje mellom, og vi ser gjerne at vi også i år har deltaking frå klubbane i kretsen. Påmeldingsfristen er 17. oktober.
Stønad til deltakarar frå 25 år og oppover:
Kretsen gir reisestønad med kr. 350,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 30. og 31. oktober vil altså utløyse kr. 700,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 350,- i stønad til klubben.
Stønad til deltakarar opp til og med 24 år:
Kretsen gir reisestønad med kr. 500,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 30. og 31. oktober vil altså utløyse kr. 1.000,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 500,- i stønad til klubben.
Utbetaling av stønad
Utbetaling av stønad vil skje på etterskot direkte til klubbane, basert på faktiske deltakarlister.
Siste fra Hordaland Orienteringskrets
Bømlo er tilbake på orienteringskartet
02.09.2024
Kompis nr. 50
01.09.2024
Få inspirasjon til klubbarbeidet
31.08.2024
Kretsen søkjer hovudløpsansvarleg for 2024
01.01.2024
Trener-1-kurs i Bergen 2023/2024
07.10.2023
Inspirasjonskveld for alle kretsens klubber
27.09.2023