Kompetansehelg 7.-8.november - deltakarstønad frå HOK
Postet av Hordaland Orienteringskrets den 2. Okt 2020
Skrevet av undefined
Skrevet av Torgeir Strand
Helga 7.-8.november arrangerar NOF kompetansehelg på Jessheim.
Detaljinfo om alle alternative tilbod under årets kompetansesamling på Jessheim, med lenke til påmelding m.m., finn du her.
Det er mange gode tilbod å velje mellom, og vi ser gjerne at vi også i år har deltaking frå klubbane i kretsen, så langt aktuelle deltakarar finn OK måtar å reise på, og elles kan delta innafor rammene av gjeldande smittevernbestemmelsar. Påmeldingsfristen er 20.oktober.
Stønad til deltakarar frå 25 år og oppover:
Kretsen gir reisestønad med kr. 350,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 7. og 8.november vil altså utløyse kr. 700,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 350,- i stønad til klubben.
Stønad til deltakarar opp til og med 24 år:
Kretsen gir reisestønad med kr. 500,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 7. og 8.november vil altså utløyse kr. 1.000,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 500,- i stønad til klubben.
Utbetaling av stønad
Utbetaling av stønad vil skje på etterskot direkte til klubbane, basert på faktiske deltakarlister.