Kompetansehelg 17.-18.november - deltakarstønad frå HOK
Postet av Hordaland Orienteringskrets den 16. Okt 2018

Skrevet av undefined
Skrevet av Torgeir Strand
Helga 17.-18.november arrangerar NOF kompetansehelg på Gardermoen.
Detaljinfo om alle alternative tilbod under kompetansehelga 17.-18.november på Gardermoen, med lenke til påmelding m.m., finn du her.
Det er mange gode tilbod å velje mellom, og vi oppfordrar til stor deltaking frå klubbane i kretsen. Påmeldingsfristen er forlenga til 2.november.
Stønad til deltakarar frå 25 år og oppover:
Kretsen gir reisestønad med kr. 350,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 17. og 18.november vil altså utløyse kr. 700,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 350,- i stønad til klubben.
Stønad til deltakarar opp til og med 24 år:
Kretsen gir reisestønad med kr. 500,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 17. og 18.november vil altså utløyse kr. 1.000,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 500,- i stønad til klubben.
Utbetaling av stønad
Utbetaling av stønad vil skje på etterskot direkte til klubbane, basert på faktiske deltakarlister.
Siste fra Hordaland Orienteringskrets
Førjulshilsen fra kretsstyret
03.12.2025
Bli med på Trener 1 og Trener 2-kurs
01.10.2025
Sesongavslutning o-kretsen 3.- og 4. oktober
14.09.2025
Oversikt hjertestarter for høsten 2025
24.08.2025