Leiarkurs for ungdom 15-19 år - januar 2026

Postet av Hordaland Orienteringskrets den 28. Des 2025

På nyåret arrangerer Vestland idrettskrets Leiarkurs for ungdom 15-19 år.


Info om kurset:


Innhald - kva får ein ved å delta?

  •  Bygge nettverk og bli kjent med andre som er engasjert i det same som ein sjølv
  •  Lær meir om kommunikasjon og presentasjonsteknikk
  •  Lær meir og reflekter rundt faktorar som sjølvtillit, sjølvkjensle og sjølvbilete
  •  Korleis ta meir ansvar og vere ein ressurs i idretten
  •  Frå mål til handling: Planlegge og gjennomføre eit prosjekt 


Det er viktig at alle deltakarane har ein trygg og god kontaktperson/mentor i eige idrettslag, som kan hjelpe og støtte dei på vegen med prosjektet. Deltakarane planlegger prosjektet første kurshelga og gjennomfører så "på heimebane". Kurset avsluttar med ein digital del 2 ein periode etter første kurshelg, der dei då skal presentere korleis prosjektet gjekk, samt evaluering av plan og gjennomføring. 


NB, vi skriv om idrettslag, men vi tilpassar dersom nokon ønsker å delta for særkretsen/regionen.


I tillegg er det mykje fokus på det sosiale, med bli-kjent-aktivitetar og felles måltid. Det er viktig å vere førebudd på at kurshelga har tett program og at ein må bidra aktivt gjennom helga. Det er mykje gruppearbeid og diskusjonsoppgåver. På nettsida kan ein finne program frå tidlegare år og informasjon om kostnad, overnatting med meir. 

Invitasjon Leiarkurs for ungdom Bergen.pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.