Kretsleiarmøte og kompetansehelg 8.-10.november - forslag og deltakarstønad frå HOK

Postet av Hordaland Orienteringskrets den 16. Sep 2019

Skrevet av undefined

Skrevet av Torgeir Strand

Helga 8.-10.november arrangerar NOF kompetansehelg på Jessheim.

Kretsleiarmøte 8.november og forslag til dette:
Klubbar som har forslag som klubben ønskjer at kretsen skal fremje for årets kretsleiarmøte, må melde desse til kretsen v/ Valentina Dimitrova seinast 22.september.

Kompetansesamling 9.-10.november:
Detaljinfo om alle alternative tilbod under årets kompetansesamling på Jessheim, med lenke til påmelding m.m., finn du her.

Det er mange gode tilbod å velje mellom, og vi oppfordrar til stor deltaking frå klubbane i kretsen. Påmeldingsfristen er 24.oktober.

Stønad til deltakarar frå 25 år og oppover:
Kretsen gir reisestønad med kr. 350,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 9. og 10.november vil altså utløyse kr. 700,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 350,- i stønad til klubben.

Stønad til deltakarar opp til og med 24 år:
Kretsen gir reisestønad med kr. 500,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 9. og 10.november vil altså utløyse kr. 1.000,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 500,- i stønad til klubben.

Utbetaling av stønad
Utbetaling av stønad vil skje på etterskot direkte til klubbane, basert på faktiske deltakarlister.