Kompetansehelg 29.-30.oktober - deltakarstønad frå HOK
Postet av Hordaland Orienteringskrets den 16. Sep 2022
Skrevet av undefined
Skrevet av Torgeir Strand
Helga 29.-30.oktober arrangerar NOF kompetansehelg på Jessheim.
Detaljinfo om alle alternative tilbod under årets kompetansesamling på Jessheim, med lenke til påmelding m.m., finn du her.
Det er mange gode tilbod å velje mellom, og vi ser gjerne at vi også i år har deltaking frå klubbane i kretsen. Påmeldingsfristen er 18. oktober.
Stønad til deltakarar frå 25 år og oppover:
Kretsen gir reisestønad med kr. 400,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 29. og 30. oktober vil altså utløyse kr. 800,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 400,- i stønad til klubben.
Stønad til deltakarar opp til og med 24 år:
Kretsen gir reisestønad med kr. 600,- pr. deltakar og dag. Ein HOK-deltakar som deltek både 29. og 30. oktober vil altså utløyse kr. 1.200,- i stønad til klubben, medan deltaking ein av dagane vil utløyse kr. 600,- i stønad til klubben.
Utbetaling av stønad
Utbetaling av stønad vil skje på etterskot direkte til klubbane, basert på faktiske deltakarlister.
Siste fra Hordaland Orienteringskrets
Velkommen til inspirasjonshelg i januar
22.11.2024
Bømlo er tilbake på orienteringskartet
02.09.2024
Kompis nr. 50
01.09.2024
Få inspirasjon til klubbarbeidet
31.08.2024
Kretsen søkjer hovudløpsansvarleg for 2024
01.01.2024