Kretsen søkjer hovudløpsansvarleg for 2024

Postet av Hordaland Orienteringskrets den 1. Jan 2024

403634775_924491829379472_963685122051676497_n.jpg403636711_700279202171467_8065149055432622939_n.jpg414798417_1052353559421687_7352006781577644257_n.jpg

Skrevet av undefined

Skrevet av Torgeir Strand

Nokre oppgåver er kjekkare enn andre. Dette er kanskje den kjekkaste.

I 2024 er Hovudløpet og O-landsleiren lagt til Fredrikstad og Hvaler i tidsrommet 2. til 7. august – skikkeleg sommaridyll! I 2023 hadde Hordaland med heile tjue ungdommar til HL og OLL i Trondheim, og me satsar på ein like stor gjeng frå årskulla 2008-2010 (dei som fyller 14, 15 og 16) i år. Har du lyst til å vere med? Og kan du organisere litt i framkant?

Hordaland Orienteringskrets søkjer hovudløpsansvarleg for 2024. Oppgåva går ut på å organisere sjølve turen og delta i nokre førebuande aktivitetar. 

I 2024 er Mia Mathisen Bekhus tilsett som aktivitetskoordinator i Hordaland o-krets, og fleire klubbar med løparar i aktuell alder har annonsert at dei tek på seg samlingar. Det er difor ikkje snakk om veldig mykje arbeid, men det trengst ein del samordning. 

Det er naturleg at du sjølv blir med på Hovudløpet og O-landsleiren, og gjerne og ei samling i framkant. Kanskje har du sjølv ein son eller dotter som vil vere med, eller kanskje eit barnebarn?

Lurer du på noko? Ta kontakt med fjorårets hovudløpsansvarlege i HOK, Hans-Richard Brattbakk, på e-post: hbrattbakk@gmail.com, eller med melding på Messenger. 

403634775_924491829379472_963685122051676497_n.jpg

403636711_700279202171467_8065149055432622939_n.jpg

414798417_1052353559421687_7352006781577644257_n.jpg