Kretsen søkjer hovudløpsansvarleg for 2023

Postet av Hordaland Orienteringskrets den 14. Nov 2022

Baard-IMG_6246.jpgBaard-IMG_6145.jpgBaard-IMG_6024.jpg

Skrevet av undefined

Skrevet av Torgeir Strand

Nokre oppgåver er kjekkare enn andre. Dette er kanskje den kjekkaste.

Neste Hovudløp og O-landsleir finn stad i Trondheim 4.-9. august 2023. I år hadde me 18 unge hordalendingar (sjå artikkelbiletet) med til Hovudløpet og O-landsleiren i Sandnes i Rogaland, og me satsar på ei minst like stor gruppe frå årskulla 2007-2009 (dei som fyller 14, 15 eller 16) komande år. Har du lyst til å vere med? Og kan du organisere litt i framkant?

Hordaland Orienteringskrets søkjer hovudløpsansvarleg for 2023. Oppgåva går ut på å organisere sjølve turen og delta i nokre førebuande aktivitetar. 

Våren 2023 har HOK tilsett aktivitetsleiar Ingeborg Rygg Eikeland, og fleire klubbar med løparar i aktuell alder har annonsert at dei tek på seg samlingar. Det er difor ikkje snakk om veldig mykje arbeid, men det trengst ein del samordning. 

Det er naturleg at du sjølv blir med på Hovudløpet og O-landsleiren, og gjerne og ei samling i framkant. Kanskje har du sjølv ein son eller dotter som vil vere med, eller kanskje eit barnebarn?

Lurer du på noko? Ta kontakt med årets hovudløpsansvarlege i HOK, Bård Hekland, på e-post: bhekland@yahoo.co.uk, eller med melding på Messenger. 

Fleire bilete frå årets O-landsleir i Sandnes kan du sjå under, herunder vårt eige Legolag som vann kostymekonkurransen under avslutningsstafetten :-)

Baard-IMG_6246.jpg

Baard-IMG_6145.jpg

Baard-IMG_6024.jpg